søndag 30. mars 2008

Award......

Tusen takk Lynetmor for awarden. Egentlig kunne eg tenkt meg å sende den videre til alle nesten alle bloggere. Dette er ein utrulig spennende verden, med masse inspirasjon. Mange har jo allerede fått denne awarden, så eg sender den videre til:

Minsten: som er mi kjære svigerinne med ett kjempeflott hus og 2 søte små. Har mange prosjekt på gang. Eg er imponert!
Anita: som er utrulig flink til å lage Tilda figurer. Forstår ikkje korleis ho får tid til det, med 3 barn og jobb.
Silje: som er utrulig flink til å oppdatere bloggen sin. Viser oss stadig bilder fra hennes fine hjem, og dei sjønne barna.

fredag 28. mars 2008

Påsken 2008....

Då var påskeferien 2008 over. Været var ganske blanda, alt ifra snøstorm til sol fra skyfri himmel. Det var ganske kaldt så minste-jenta tilbringte sin påskeferie innendørs. Ho fekk seg ein liten prøvetur på akebrettet, men det vart fort for kaldt. Dei andre to ungane var ute heile dagane.
Sto på ski, snowboard, slalom, aka, laga snøborger og hadde snøball-krig. Me vaksne var inne og spiste, spiste og spiste. Alt i alt hadde me ein veldig kjekke tur til fjells.

lørdag 15. mars 2008

Snart påske.....

På torsdag åpna plantasjen her på øya som eg bur på. Då måtte eg sjølvsagt ta meg ein tur og mysa litt. Kjøpte meg kun ei påskelilje til 9,-. Sidan me ikkje skal vera heime i påsken, pyntar eg heller ikkje iår til påske. Utenom den pynten som ungane kjem heim med fra skulen, den må me sjølvsagt ha framme.





Denne høna heng i kjøkkenvinduet. Den heng framme nesten heile året. Eg er veldig svak for høner og haner på kjøkken interiør.


søndag 9. mars 2008

Morgenstund har gull i munn....

Blei så inspirert av Bodil som laga pannekaker til frukost igår på kvinnedagen at i dag laga eg og guten vafler til frukost. Derfor hadde eg klokkeradioen på halv 7 idag tidleg (ikkje frivillig, det var nok ei lita jente som hadde tukla med radioen igår). Så når den ulte var det jo bare å stå opp, då den vekte veslejenta og guten og. Skal sei mannen i huset blei imponert når han fekk vafler med smør og sukker servert på senga av guten kl. 08:00. Dette blir nok ikkje ein vane, for helst vil eg ligge under dyna på den tida av døgnet.

Første gang ho smaker vafler. Og det fallt i smak.