søndag 11. mai 2008

Bøker til inspirasjon...

For ett par år sidan meldte eg meg inn i Cappelens hobbyklubb. Meldte meg inn pga av fine bøker i velkomstpakken, og hadde tenkt å melde meg ut igjen med ein gong. Men dette har altså endå ikkje skjedd. Blir stadig frista av innbydande bøker med masse inspirasjon. Den siste boka eg fekk er "Fest og farger". Her var det masse kjekke tips og inspirasjon til borddekking og pynt.


Synest dette bordet var så fint pynta, der små rose-blomar går igjen på innbydelse, bordkort, meny og pynt.

fredag 9. mai 2008

Lykt....

I dag har eg vore på ny-åpning av eit senter her. Heile 8 butikkar, og folk strøymer til. Mester-grønn var ein av dei nye butikkane. Der kjøpte eg denne lykta, til å ha på bordet i grill-huset vårt, som snart er ferdigt. Dei hadde og kransar til å henge på veggen i samme serien. Veldig fine.
Ellers vil eg ønske alle ein riktig fin pinse!

onsdag 7. mai 2008

Ikkje lett å vera liten.....

Nei, det er ikkje enkelt å vera liten. Iallefall ikkje når ein nett har lært seg å gå, og alle plasser skal utforskes. Kjekkast er det jo selvfølgelig å gå dei plasser som mamma ikkje vil at vesle-mor skal gå. Planken i porten er satt opp for at lamma ikkje skal komme inn i vår hage. Ho prøvde iherdig å komme seg forbi denne. Hadde tydeligvis tenkt seg ut på tur idag.

Kansje eg kommer over,

eller kansje under.

torsdag 1. mai 2008

1. MAI...

Hipp Hurra for arbeiderenes fridag. Ikkje mange dager i året flagget vårt blir hengt opp, men idag var det veldig viktig for mannen at det kom opp. Han synes vel at denne dagen er vel fortjent då.
Gjekk tur på ein natursti idag som går langs sjøen. Tur-stien går forbi mange flotte badeplasser, som me pleier å bade på om sommeren. Skogen her er full av kvitveis. Fantastisk flott no på denne tida.
Midt inne i skogen ligg det ein kyrkjegard. Her er det ein minnestein over personer som døydde av kolera sjukdommen.
Siden skogen som me gjekk på tur i er freda, kan me ikkje plukke kvitveis der. Har ei lita "tue" med kvitveis bak garasjen, så der plukka me oss ein bukett når me kom heim. Så no luktar det så godt inne på kjøkkenet.