lørdag 30. juni 2007

Kattunger....

Kitty-pusen vår har fått 2 kattunger, som heiter Kasper og Milla. Dei er idag 3 dagar gamle. Her kviler Kasper på mamma's arm.

onsdag 27. juni 2007

3 ting.....

Fekk for ei stund sida utfordringa om å vise 3 ting eg er glad i av Bo. Synest at det er vanskelig, derfor har eg brukt litt tid på å tenke. Men trur eg har kome fram til 3 rette ting.

Ting 1: Kjøkkenet er det rommet i huset eg er mest fornøyd med. Det er stort og lyst. Viser derfor ein ting der ifra. Denne gamle kjøkken-hylla kjøpte eg på QXL for mange år sidan. Synest den passer fint inn på veggen her, med det blå og kvite fatet under.







Ting 2: Denne gamle stolen er i fra 1910, og den er nett like fin i stoffet og kjempegod å sitte i. Eg har arva han av farmor og farfar som igjen har arva den av oldemor og oldefar.






Ting 3: Denne gamle tina fekk eg av farfar i 1993. Det er han som har malt ho. Synest den er så fin, derfor har ho fått sin plass i kjøkkenet vinduet.



Eg utfordrar: Lynetmor, Lena's Verden og Mor Grethe.

tirsdag 26. juni 2007

Nytt magasin...

Har sete ute i sola og lest det første nummeret av Bolig Pluss (livet er herligt). Eit nytt Interiør magasin med smarte ideer og enkle løysninger på det meste. Kjempeflott blad. Kan anbefales.

søndag 24. juni 2007

Hjerter.....

Då har eg fått sydd 2 hjerter av stoffa som eg kjøpte tidligere. Har vore så fint ver i da sista at da har blitt lite håndarbeid. Stoffa er ifra Stoff og Stil, og bånda er fra Tilda.





torsdag 21. juni 2007

Kroker...

.......til små-pjungs. Kjøpte kroker i dag som eg har hengt i gardinstanga på kjøkkenet som for øyeblikket ikkje er i bruk (må visst ha fleire). Bruker den til vinter-gardinene. Tenkte å henge små-ting der. Desse lyktene henger der no. Hekter dei bare av når dei skal brukes ute eller inne.



Hagen i juni

Eiendomen vår er skilt fra det som eingong var ein liten gård. Her er porten fra den gamle hagen og inn til vår hage.







Rododendron knopp. Busken står i skuggen bak garasjen, så den er litt treg med å blomstre.

tirsdag 19. juni 2007

Oslo - Kiel

Lørdag reiste me med Color Fantasy fra Oslo til Kiel. Det var ein fantastisk flott båt. Liv og røre var det over alt. Me har spist god mat og kost oss på heile turen.


Båten låg ved kai i Kiel i 5 timer. Då gjekk me i land for å shoppe, men til vår store fortvilelse var alle butikker stengt. Så det blei bare kikking i vinduene, og selvfølgelig såg me bare så "MASSE" fint inn gjennom vinduene.


Heldigvis er det ei 160 meter lang handlegate på båten,så det blei no litt handling alikevel.


Kjøpte bodylotion, øyredobber og penge-pung.

fredag 15. juni 2007

Symaskinen er i gang

Då har eg endelig fått igang den gamle sy-maskinen som eg har arva av farmora mi. Har sydd hjerter ikveld som eldste jenta skal få på rommet sitt.


Hadde meg ein tur ut i hagen og plukka inn ein bukett med Iris.

tirsdag 12. juni 2007

Strikka baby-tøfler

Sidan veret ikkje var like bra idag, så det har vore dei siste dagane tenkte eg at idag skulle eg gjere noko fornuftig. Eg holder derfor på å rydde gjennom gamle og forsmå barnekler. Der fant eg desse søte strikka baby-tøflene som eg fekk av ei venninne til eldste jenta og guten.

Ønske nr. 1

Tenk å sitte å gynge og dingle med beina i ein slik hammock. Mannen min har sagt at ein slik skal han også klare å lage. Ifølge Rom123 skal det bare ta 1 time å lage denne.

fredag 8. juni 2007

Fra mormor

Mormor (med litt hjelp fra oldemor) har strikka dette fine settet til vesle-jenta vår. Eit heilt nydeligt sett med kjole, jakke, hue og sokkar.

torsdag 7. juni 2007

Frukostkroken........

Til frukostkroken har me lenge vore på utkikk etter nye hagemøbler. Her ville me ha nokre som var vedlikeholdsfrie. Desse fant me hos ICA Maxi. Passa perfekt, så me måtte bare slå til.



onsdag 6. juni 2007

Bokstaver på veggen

Falt heilt for desse bokstavane som eg såg på ei svensk nettside. Fine til å feste på døra eller på veggen over senga. Store var dei og, 23 cm høge. Slike bokstaver må eg ha til eg skal innrede vesle jenta sitt rom, som også heiter NORA.

Ta 3 betal for 2



Var innom KID interiør idag, der var det "Ta 3 betal for 2" kampanje på bade-laken. Kjekt med nye bade-laken til bade-sesongen starter.

mandag 4. juni 2007

Årets første bad

Varmt og fint ver har me hatt idag. 22 grader og sol fra skyfri himmel.


Ungane har bada for første gong i år. Litt kaldt va' da nok, for leppene blei fort blå.

lørdag 2. juni 2007

Magasin-holder + oldemorvaser


Endelig kom magasin-holderen som eg har venta på fra Lunehjem.no. Var kjempefin synest eg.

Kjøpte 2 oldemorvaser også. Små, men sjønne var dei.