fredag 31. august 2007

Helg igjen.....

Ja so va da endelig helg igjen. Eg vil derfor ønska alle dåke andre bloggarar ei kjempe-go helg. Akkurat no skine sola ute, så detta ser jo lovande ut.

mandag 27. august 2007

HUSFRED

Husfred'en er ein av mine favoritt blomar. Har alltid likt han veldig godt. Veit ikkje heilt kvifor, kansje på grunn av det fine navnet. Har ikkje tal på kor mange husfred'ar eg har kjøpt opp gjennom tidene. Dei dør bare så altfor fort, men denna skal få leva lenge.



lørdag 25. august 2007

Gulrot-kake....

Eldste jenta har laga gulrot-kake til oss andre i dag. Heldig for oss at ho liker godt å bake og lage mat. Kaka var kjempegod.

mandag 20. august 2007

Salg....

Før helga var me på knall-salg på hagemøbler hos JYSK. Fekk tak i bord, benk, 4 stoler, 2 karmstoler, ein liten benk og hageputer. For alt dette betalte me kun 2700,-. KUPP synest me !!! (PS: veggene i grillhuset skal males lyse og på golvet skal det legges skifer).






Denne Lobelia'en er den einaste blomen som har overlevd i sommar. Den er faktisk veldig fin endå. Neste sommar trur at eg kun skal plante sånne. Billige er dei og.


tirsdag 14. august 2007

Høst....

... eller fortsatt litt sommar endå. Veret tilseier at det er høst, men kalenderen seier sommar.



På tur idag plukka eg med meg heim fin lilla lyng. Lyng er noko av det eg forbinder aller mest med høsten. Da lukta tilogmed høst i lufta. Friskt og godt.

torsdag 9. august 2007

Tur til Bergen.....

Ferien nærmar seg slutt for denne gang, så idag har me vore på tur til Bergen. Turen ut til akvariet var fin. Fantastisk mange trange smug og gamle koselige hus på Nordnes, som desse to husa "tett i tett".


Pingvinane er vel trekkplasteret på akvariet, så det er dei ungane gledde seg til å sjå.


Etter å besøkt akvariet var me på Fløyen.





Utsikten fra Fløyen over byen. Fantastisk!!!!

fredag 3. august 2007

Ugras.....

Hjippi, idag har me endelig sett sola igjen. Kjente at lysta til å gjere ting i hagen kom te'bake. Så idag har eg luka ugras i alle blomster-bedd. Jammen har da grodd godt sjølv om da har vore kaldt og regna.



Desse ugras-blomane var faktisk fine, så dei tok eg inn i dei små oldemor-vasane eg har kjøpt meg.