tirsdag 18. september 2007

Kosebamsar

Idag har eg rydda rommet til guten vår. Da trengtes kan ein sei. Midt blandt bilar og diverse andre gutteleker fant eg dei 2 kosebamsane hans, som han fekk når han var 7 månader gammal. Han har hatt dei i senga heilt til no (8 år). Men no ser det visst ut som om han klarer å sove uten dei. Eg måtte kjøpe 2 nett like bamsar, fordi han måtte ha ein med seg i barnehagen og.

mandag 17. september 2007

Lyng..

Ja då var nok ei helg forbi. Sjølv om da har blåst og regna vannrett, har eg vore ute og tømt krukkene for sommarblomar. Har kjøpt ein del lyng i potter som etter planen skal ut i diverse vegg-krukker. Håpa veret held seg fint idag, slik at dette kan bli gjort.




mandag 10. september 2007

Egg, eple eller løk.....

Kjøpte for ei stund sida ei tråd-korg hos Annas-rom. Har ikkje heilt funne ut ka' eg vil ha oppi ho. Egg, eple eller løk? Egentlig er det vel ei egge-korg som ein skal ha med seg i hønsehuset til å samle egg i. Men sidan eg ikkje har høner, kan eg ha egg i ho inne på kjøkkenet. Trur eg.....







lørdag 8. september 2007

Lørdags-kos...

Idag har da vore nok ein dag med regn og vind. Ikkje noko anna å gjera då enn å kosa seg inne. Har rydda og vaska litt på kjøkkenet. Tente litt lys for å prøva å gjera da ekstra koseligt.
Denne lykta fekk mannen til bursdagen sin i juni. Har endå ikkje vore i bruk ute denne sommaren, grunna KALDE KVELDAR. Så no har eg tatt ho i bruk inne på kjøkkenet. Synest at ho passa godt ilag med lyngen på kjøkkenbordet.



Så har eldste-jenta baka til oss igjen. Idag var det sjokolade-kake på menyen. Ho øver seg nemlig til skule-kjøkkenet. Kaka var kjempegod.

lørdag 1. september 2007

Litt nytt....

Tidlegare i sommar kjøpte eg desse 2 lyktene. Lyktene er fra House Doctor. Kjøpte dei på Olivia i Mandal, ein utruleg flott butikk. Fant så mykje fint der, men pga begrensa plass i bilen på vei heim kunne eg ikkje handle meir.



Har og tidlegare kjøpt desse 2 hjerte-rammene. Dei kjøpte eg på ein lokal interiør- butikk. Trur eg må kjøpe ei ramme til, slik at eg har ei ramme til kvart barn.