onsdag 17. oktober 2007

Ny strikka-genser..

Idag fekk eg endelig ferdig strikka-genseren til minste jenta vår. Har nistrikka for å få han ferdig no når det begynner å bli kaldare i veret. No gjenstår bare buksa og hua som høyrer til. Ho var iallefall veldig stolt når ho fekk på seg ny genser.


onsdag 10. oktober 2007

Kjøkken-nytt..

Idag har eg "pusla" litt på kjøkkenet. Rydda litt i kjøkkenskap og vaska skapdører. Har flytta litt att og fram på ting. Blir alltid så lei av ting så står på samme plassen.


Glaskrukkene med lokk har eg kjøpt på Kremmerhuset. Kun 39,- pr. stk. Tenkte å ha noko oppi dei, men inntil vidare står dei der tomme.


Har kjøpt meg ein ny hengeblom til å ha på hylla her. Synest denne blomen er ganske dekorativ og fin. Er det nokon som veit kva den heiter, og isåfall korleis den skal stellast? Blir kjempeglad for tips. Har ein tendens til å ta livet så altfor fort av blomster.



onsdag 3. oktober 2007

Strikka-jakke + hue

I ett tidlegare innlegg viste eg denne strikka-kjolen som tante har strikka til vesle-jenta vår.


Eg har hatt tråd liggande lenge til jakken og hua som høyrer til. No har mormor mi strikka dette for meg. Og heldigvis for da, for dette var visst eit skikkelig putle-strikk. Men kjempefint blei da iallefall. Tusen Takk!





mandag 1. oktober 2007

Farmor's dukker...

Disse dukkene og dukkesenga laga farmor mi til far min når han var liten. Dukkesenga er laga av ein appelsin-kasse. Ganske sjarmerande synest eg. Dukkene har ho sydd bunad på. Veit ikkje heilt om eg skal hive det eller ta vare på det. Får vel samle på det enda ei stund.