fredag 30. november 2007

Julekalender....

Ja, så var julekalenderen hengt opp igjen. Synest nettopp at eg tok han ner. Kalenderen sydde eg sjølv for 2 år sidan. Mønster og oppskrift er ifra "JUL med Tildas venner" boka.

Fekk hengt opp ein del pakkar. Må ut å kjøpe meir tape og bånd imorgon. Gler meg til å sjå utrykka på ungane imorgon tidligt når dei står opp.

fredag 23. november 2007

Fredag..

Endelig var det fredag igjen. Vekene går no rasande fort mot jul. Det er ei kjempefin tid me no går i vente. Travel, men koselig. Håper alle nyter denne siste helga i november. God helg.

søndag 18. november 2007

Søndag

Idag har me sydd "nisse-hua" til Kitty, og den skulle vera rosa med kvite prikkar. Eg sydde og eldste-jenta designa. Kitty virka ikkje så veldig interessert i heila huo, men den fekk no sitta på.

tirsdag 13. november 2007

Tilda-engel....

Då står min første sydde Tilda-engel så fager og fin i vinduskarmen. Ute er det kaldt og fint idag. Kvitt på bakken av rim. Denne engelen var kjekk og grei å sy. Kansje det blir fleire slike.


mandag 12. november 2007

Tilda vinpose..

Når det nærmar seg jul, melder trangen seg med å lage julepynt. Det har blitt ein tradisjon dei siste åra. Idag har eg gjort ferdig ein vinpose som ikkje blei heilt ferdig ifjor. Kansje eg gir vekk denne med ei flaske vin i, eller bare har den på pynt. Mønster er i fra "JUL med Tildas venner".



fredag 2. november 2007

Helg igjen..

Så var det helg igjen. Denne veka har vore rimelig hektisk med bursdags-feiring 3 dager. Så det har vore lite tid til blogging. Go'guten vår har fyllt 8 år. Og oppå det heile så blei vesle-mor sjuk. Ikkje lett å bake og stelle til selskap med ei lita jente på armen. Men alt går. Vesle-mor er fortsatt sjuk så eg kjøpte med meg 2 nye interiør-blad igår. Får forhåpentligvis tid til å lese dei i helga.


GOD HELG!