Då er det allerede 1 veke sidan me var i Barcelona. Me hadde ein knall-kjekke tur. Været var flott, rundt 20 grader og SOL. Altså fine sommar-dagar hadde me. Etter å sjekka inn på hotellet tok me turen ner mot sjøen. Då møtte me denne flotte stranda, med barer og restauranter på rekke og rad. Veit ikkje heilt kva eg hadde forestilt meg, men dette var over all forventning.
Bra klestørke må det
vore denne dagen, for på alle verandaer hang det kler til tørk:-).
Ganske så sjarmerande.
Picasso museèt var me og på. Inne var det ikkje lov å ta bilde, så det blei med skiltet utanfor.
La Sagrada Familia var heilt gigantisk. Har lest
ein del om den og sett bilder, men å sjå den i virkeligheten var bare fantastisk. Hadde
ikkje drøymt om at den var så svær. Og alle detaljene.
Ho var så svær at det var umulig å
få tatt bilde av heile, så det blei mange snitt bilder.
Barcelona stadion var og enormt stor. Sitteplasser til over 100.000 personer. Kjøpte Barcelona skjorter til heile familien + andre Barcelona effekter. Så no er Barcelona klubben vår:-)
Barri Gotic, det gotiske kvarter med sjarmerende trange gater. Her låg butikkene på rekke og rad, dyre mote-butikker og billige butikker side om side. Det var her me gjorde mesteparten av shoppinga.
Ein ting er iallefall sikkert. Tilbake til Barcelona skal eg.