fredag 25. april 2008

Spiseplassen vår...

Etter lang tid med strålande fint ute-ver, vakna me idag til grått regn-ver. Har benytta fridagen idag til å rydde litt i huset. Skal sei det blir masse rot og støv inne, sjølv om me for det meste har oppholdt oss ute i finveret. Viser idag bilder av spiseplassen vår på kjøkkenet. Spisegruppa kjøpte me ny når me flytta inn i huset vårt i 2001. Kjøkkenet vårt er relativt stort, så her tilbringer me masse tid.



Ønsker alle som er innom ei god helg!

søndag 20. april 2008

Lam.....

Idag når me satt og spise frukost kom ein tante-unge springande i nattdrakten bort til oss for å fortelje at: 3 lam har komt ut av "Dotten". Sauene deira heiter nemleg Ulla og Dotten. Endeleg har lamma komt. No har me gått i fleire dagar og venta på at noko skulle skje. På bildet er dei bare nokre timar gamle. Kjempe-skjønne. Det eine lammet var ein del mindre enn dei 2 andre, så me lurte ei stund på om det blei ett ale-lam. Men det ser ut som om det klarer seg bra ilag med dei andre alikevel. Ulla skal også ha lam, så no blir det spennande og sjå kortid og kor mange lam ho får.


søndag 13. april 2008

På tur ......

Ein ny verden åpna ser får litla-jento vår når ho lærte seg å gå (eller rettare sagt stå). No er det kjekt å gå turar der ho kan ta del i leiken til dei andre ungane. Ho er er for fullt med når dei hiv steinar i vatnet eller leikar i sanden. Ho hylte av glede når ho fekk stå nærme vatnet. "Bat" (bada) ville ho.


fredag 11. april 2008

Barcelona...

er det allerede 1 veke sidan me var i Barcelona. Me hadde ein knall-kjekke tur. Været var flott, rundt 20 grader og SOL. Altså fine sommar-dagar hadde me. Etter å sjekka inn på hotellet tok me turen ner mot sjøen. møtte me denne flotte stranda, med barer og restauranter på rekke og rad. Veit ikkje heilt kva eg hadde forestilt meg, men dette var over all forventning.

Bra klestørke må det vore denne dagen, for på alle verandaer hang det kler til tørk:-).
Ganske så sjarmerande.
Picasso museèt var me og på. Inne var det ikkje lov å ta bilde, så det blei med skiltet utanfor.

La Sagrada Familia var heilt gigantisk. Har lest ein del om den og sett bilder, men å sjå den i virkeligheten var bare fantastisk. Hadde ikkje drøymt om at den var så svær. Og alle detaljene.
Ho var så svær at det var umulig å tatt bilde av heile, så det blei mange snitt bilder.

Barcelona stadion var og enormt stor. Sitteplasser til over 100.000 personer. Kjøpte Barcelona skjorter til heile familien + andre Barcelona effekter. Så no er Barcelona klubben vår:-)

Barri Gotic, det gotiske kvarter med sjarmerende trange gater. Her låg butikkene på rekke og rad, dyre mote-butikker og billige butikker side om side. Det var her me gjorde mesteparten av shoppinga.
Ein ting er iallefall sikkert. Tilbake til Barcelona skal eg.