tirsdag 26. august 2008

Award og nymalte vindu.....

Tusen takk Silje for awarden som du gav til meg. Det var veldig kjekt å få den av deg, du er ein av mine favoritt blogger som gir meg nettop masse inspirasjon. Eg skulle egentlig gi denne videre til 3 bloggerere, men det er så utrulig vanskelig å velge ut 3 siden det er så mange bloggere som gir meg inspirasjon innenfor ulike felt.

I sommar har me mala listene rundt viduene kvite. Har tenkt på dette lenge, men ein dag tok lysten meg og eg starta. Dette arbeidet viste seg å ta lengre tid enn eg hadde tenkt sidan eg ikkje kan male i sol, regn eller om kvelden på grunn av doggfall.

Men resultatet blei me veldig fornøyd med. No gjenstår det kun å få mannen til å ville skifte farge på huset også til kvit.

tirsdag 29. juli 2008

I hagen ...

Igår monterte me saman desse to stolane. Me kjøpte dei på salg i fjor på Jysk. Betalte kun 100,- pr. stol. Ikkje av beste kvalitet, men til den prisen måtte eg bare ha dei.


Har plassert dei ute i hagen under ett "lite" kirsebærtre. Der var det litt skygge.

Stolane er veldig behagelig å sitte i, så her har mannen funne sin plass. Her sit han å nyt varmen og les "Havets katedral". Denne boka fekk eg på flyet på vei til Barcelona. Men som den "ikkje-bok-elskar" eg er, la eg boka igjen på hotell-rommet. Prioriterte ikkje plass til denne i bagasjen på vei heim. Men når boka no vart "best-seller", og mannen min fekk vete at denne la eg igjen på hotellet i Barcelona, blei han ganske irritert og gjekk i trass og kjøpte ho.


onsdag 16. juli 2008

Bilderedigering...

Igår fekk eg installert Photoshop på maskinen, så no har eldste-jenta mi hatt litt opplæring for meg. Blir sikkert kjempegøy når eg forstår litt meir. Dette bildet var litt uklart og dust i fargane. Vips, så var det klart og med fine sterke fargar. Fantastisk.


Minste-jenta har idag vore ute å gått med dei nye støvlane ho fekk for ei stund sidan. I mellomtida har dei vore flittigt brukt inne. Merkeligt korleis små ungar elskar støvlar.

fredag 11. juli 2008

Brettbord på salg....

For nokre veker sidan var det salg på Filippa serien på Bohus. Ta 2 betal for 1. Då kjøpte mamma 2 slike brett-bord og eg fekk det eine. Mannen min fekk 2 nattbord i samme serien til bursdagen. Desse kan eg vise ein anna dag.



tirsdag 8. juli 2008

Nye gardiner...

Har lenge tenkt på å bytte ut dei mørke blå gardinene som eg kjøpte når huset var nytt for 7 år sidan. Så då eg kom over desse lyse gardinene på Kid som var på salg til 79,- pr lengde, slo eg til. Reiv ner dei gamle og fekk opp nye lyse gardiner. Skal sei det blei lyst og fint i stova no. Kvifor har eg ikkje gjort dette før. Så enkelt og billigt for å få litt forandring.

Før:

Etter:

torsdag 26. juni 2008

Nye puter og smugkikk......

i grillhuset vårt som me har holdt på med dei siste to åra. Planen var å få grillhuset ferdigt i sommar, men pga mannens skulegong har dette prosjektet stagnert. Men huset er tett og taket isolert så det blir ofte brukt sjølv om det ikkje er heilt ferdig. Veggene skal males lyse, peisen skal pusses, taket skal kles med panel, golvet skal få skifer, så "litt" arbeid gjenstår. Kjøpte nye puter igår til møblene på Kid, der var det 50 % på alle puter. Prøver å pynte litt, sjølv om alt er grått og trist innvendig.


Når taket var tett og me kunne begynne å bruke huset, kom eldste-jenta heim med dette "mini-treet" i innflytningspresang til bygge-sjefen.


Fleecepledda kjøpte eg på Jysk ifjor. Kjekke å ha rundt beina når det vert litt kjøligt.

mandag 23. juni 2008

Tilbake....

Hei, hei, då var eg endelig tilbake etter ein "liten" bloggepause. Ikkje heilt planlagt, men eg fekk plutselig ikkje til å laste inn bilder fra pc'en. Ellers har eg og familien og vore 14 dagar på Rhodos. Me hadde ein fantastisk tur, som eg vil vise bilder fra imorgon.



Buketten med peoner, kjøpte eg til mannen i huset som hadde bursdag igår. Synes peoner er nydelige, så derfor hadde eg ein unnskyldning til å kjøpe meg ein bukett.

søndag 11. mai 2008

Bøker til inspirasjon...

For ett par år sidan meldte eg meg inn i Cappelens hobbyklubb. Meldte meg inn pga av fine bøker i velkomstpakken, og hadde tenkt å melde meg ut igjen med ein gong. Men dette har altså endå ikkje skjedd. Blir stadig frista av innbydande bøker med masse inspirasjon. Den siste boka eg fekk er "Fest og farger". Her var det masse kjekke tips og inspirasjon til borddekking og pynt.


Synest dette bordet var så fint pynta, der små rose-blomar går igjen på innbydelse, bordkort, meny og pynt.

fredag 9. mai 2008

Lykt....

I dag har eg vore på ny-åpning av eit senter her. Heile 8 butikkar, og folk strøymer til. Mester-grønn var ein av dei nye butikkane. Der kjøpte eg denne lykta, til å ha på bordet i grill-huset vårt, som snart er ferdigt. Dei hadde og kransar til å henge på veggen i samme serien. Veldig fine.
Ellers vil eg ønske alle ein riktig fin pinse!

onsdag 7. mai 2008

Ikkje lett å vera liten.....

Nei, det er ikkje enkelt å vera liten. Iallefall ikkje når ein nett har lært seg å gå, og alle plasser skal utforskes. Kjekkast er det jo selvfølgelig å gå dei plasser som mamma ikkje vil at vesle-mor skal gå. Planken i porten er satt opp for at lamma ikkje skal komme inn i vår hage. Ho prøvde iherdig å komme seg forbi denne. Hadde tydeligvis tenkt seg ut på tur idag.

Kansje eg kommer over,

eller kansje under.

torsdag 1. mai 2008

1. MAI...

Hipp Hurra for arbeiderenes fridag. Ikkje mange dager i året flagget vårt blir hengt opp, men idag var det veldig viktig for mannen at det kom opp. Han synes vel at denne dagen er vel fortjent då.
Gjekk tur på ein natursti idag som går langs sjøen. Tur-stien går forbi mange flotte badeplasser, som me pleier å bade på om sommeren. Skogen her er full av kvitveis. Fantastisk flott no på denne tida.
Midt inne i skogen ligg det ein kyrkjegard. Her er det ein minnestein over personer som døydde av kolera sjukdommen.
Siden skogen som me gjekk på tur i er freda, kan me ikkje plukke kvitveis der. Har ei lita "tue" med kvitveis bak garasjen, så der plukka me oss ein bukett når me kom heim. Så no luktar det så godt inne på kjøkkenet.

fredag 25. april 2008

Spiseplassen vår...

Etter lang tid med strålande fint ute-ver, vakna me idag til grått regn-ver. Har benytta fridagen idag til å rydde litt i huset. Skal sei det blir masse rot og støv inne, sjølv om me for det meste har oppholdt oss ute i finveret. Viser idag bilder av spiseplassen vår på kjøkkenet. Spisegruppa kjøpte me ny når me flytta inn i huset vårt i 2001. Kjøkkenet vårt er relativt stort, så her tilbringer me masse tid.



Ønsker alle som er innom ei god helg!

søndag 20. april 2008

Lam.....

Idag når me satt og spise frukost kom ein tante-unge springande i nattdrakten bort til oss for å fortelje at: 3 lam har komt ut av "Dotten". Sauene deira heiter nemleg Ulla og Dotten. Endeleg har lamma komt. No har me gått i fleire dagar og venta på at noko skulle skje. På bildet er dei bare nokre timar gamle. Kjempe-skjønne. Det eine lammet var ein del mindre enn dei 2 andre, så me lurte ei stund på om det blei ett ale-lam. Men det ser ut som om det klarer seg bra ilag med dei andre alikevel. Ulla skal også ha lam, så no blir det spennande og sjå kortid og kor mange lam ho får.


søndag 13. april 2008

På tur ......

Ein ny verden åpna ser får litla-jento vår når ho lærte seg å gå (eller rettare sagt stå). No er det kjekt å gå turar der ho kan ta del i leiken til dei andre ungane. Ho er er for fullt med når dei hiv steinar i vatnet eller leikar i sanden. Ho hylte av glede når ho fekk stå nærme vatnet. "Bat" (bada) ville ho.


fredag 11. april 2008

Barcelona...

er det allerede 1 veke sidan me var i Barcelona. Me hadde ein knall-kjekke tur. Været var flott, rundt 20 grader og SOL. Altså fine sommar-dagar hadde me. Etter å sjekka inn på hotellet tok me turen ner mot sjøen. møtte me denne flotte stranda, med barer og restauranter på rekke og rad. Veit ikkje heilt kva eg hadde forestilt meg, men dette var over all forventning.

Bra klestørke må det vore denne dagen, for på alle verandaer hang det kler til tørk:-).
Ganske så sjarmerande.
Picasso museèt var me og på. Inne var det ikkje lov å ta bilde, så det blei med skiltet utanfor.

La Sagrada Familia var heilt gigantisk. Har lest ein del om den og sett bilder, men å sjå den i virkeligheten var bare fantastisk. Hadde ikkje drøymt om at den var så svær. Og alle detaljene.
Ho var så svær at det var umulig å tatt bilde av heile, så det blei mange snitt bilder.

Barcelona stadion var og enormt stor. Sitteplasser til over 100.000 personer. Kjøpte Barcelona skjorter til heile familien + andre Barcelona effekter. Så no er Barcelona klubben vår:-)

Barri Gotic, det gotiske kvarter med sjarmerende trange gater. Her låg butikkene på rekke og rad, dyre mote-butikker og billige butikker side om side. Det var her me gjorde mesteparten av shoppinga.
Ein ting er iallefall sikkert. Tilbake til Barcelona skal eg.

søndag 30. mars 2008

Award......

Tusen takk Lynetmor for awarden. Egentlig kunne eg tenkt meg å sende den videre til alle nesten alle bloggere. Dette er ein utrulig spennende verden, med masse inspirasjon. Mange har jo allerede fått denne awarden, så eg sender den videre til:

Minsten: som er mi kjære svigerinne med ett kjempeflott hus og 2 søte små. Har mange prosjekt på gang. Eg er imponert!
Anita: som er utrulig flink til å lage Tilda figurer. Forstår ikkje korleis ho får tid til det, med 3 barn og jobb.
Silje: som er utrulig flink til å oppdatere bloggen sin. Viser oss stadig bilder fra hennes fine hjem, og dei sjønne barna.

fredag 28. mars 2008

Påsken 2008....

Då var påskeferien 2008 over. Været var ganske blanda, alt ifra snøstorm til sol fra skyfri himmel. Det var ganske kaldt så minste-jenta tilbringte sin påskeferie innendørs. Ho fekk seg ein liten prøvetur på akebrettet, men det vart fort for kaldt. Dei andre to ungane var ute heile dagane.
Sto på ski, snowboard, slalom, aka, laga snøborger og hadde snøball-krig. Me vaksne var inne og spiste, spiste og spiste. Alt i alt hadde me ein veldig kjekke tur til fjells.

lørdag 15. mars 2008

Snart påske.....

På torsdag åpna plantasjen her på øya som eg bur på. Då måtte eg sjølvsagt ta meg ein tur og mysa litt. Kjøpte meg kun ei påskelilje til 9,-. Sidan me ikkje skal vera heime i påsken, pyntar eg heller ikkje iår til påske. Utenom den pynten som ungane kjem heim med fra skulen, den må me sjølvsagt ha framme.





Denne høna heng i kjøkkenvinduet. Den heng framme nesten heile året. Eg er veldig svak for høner og haner på kjøkken interiør.


søndag 9. mars 2008

Morgenstund har gull i munn....

Blei så inspirert av Bodil som laga pannekaker til frukost igår på kvinnedagen at i dag laga eg og guten vafler til frukost. Derfor hadde eg klokkeradioen på halv 7 idag tidleg (ikkje frivillig, det var nok ei lita jente som hadde tukla med radioen igår). Så når den ulte var det jo bare å stå opp, då den vekte veslejenta og guten og. Skal sei mannen i huset blei imponert når han fekk vafler med smør og sukker servert på senga av guten kl. 08:00. Dette blir nok ikkje ein vane, for helst vil eg ligge under dyna på den tida av døgnet.

Første gang ho smaker vafler. Og det fallt i smak.

tirsdag 26. februar 2008

Snart påske.....

Snart er det påske. Påsken er ei herlig tid som eg forbinner med SOL og utetid, enten i snøen eller til sjøen. Svigerfar min vant hytte på fjellet i påsken, så då går turen til fjells. Då stuar me 7 vaksne og 7 barn inn i ei hytte. Kjempekoselig.

Sist veke var eg på klubb, då vant eg desse to fine hønene. Me er 6 venninner som går i klubb ilag. Klubben har me hatt no i 14 år (herregud, kor gammal eg høyres ut) . Etter 14 år med sparing (betaler 100 kr. på kvar klubb) skal me endelig på klubbtur. Merkelig nok så har det ikkje passe før no. Me er nemlig midt i den produktive alderen, men om ein mnd. reiser me til BARCELONA. Den som venter på noko godt, ventar ikkje forgjeves heiter det visst.