tirsdag 26. februar 2008

Snart påske.....

Snart er det påske. Påsken er ei herlig tid som eg forbinner med SOL og utetid, enten i snøen eller til sjøen. Svigerfar min vant hytte på fjellet i påsken, så då går turen til fjells. Då stuar me 7 vaksne og 7 barn inn i ei hytte. Kjempekoselig.

Sist veke var eg på klubb, då vant eg desse to fine hønene. Me er 6 venninner som går i klubb ilag. Klubben har me hatt no i 14 år (herregud, kor gammal eg høyres ut) . Etter 14 år med sparing (betaler 100 kr. på kvar klubb) skal me endelig på klubbtur. Merkelig nok så har det ikkje passe før no. Me er nemlig midt i den produktive alderen, men om ein mnd. reiser me til BARCELONA. Den som venter på noko godt, ventar ikkje forgjeves heiter det visst.


fredag 22. februar 2008

Fredag og løkplanter.....

Det er litt bloggtørke hos meg for tida (eller det har det nok vore ei god stund no). Synes det er vanskelig å finne ting å blogge om. Det er nok årstida som er årsaken. Ikkje så mykje så skjer hverken inne eller ute. Men det er ikkje lenge til det begynner å spire og gro ute. Ved første anledning det er tørt ver ute, skal eg ut på oppdagelsesferd i hagen. Kjem nok garantert til å viser bilder derifra dersom eg finn noko spennande. Fredagen er handledag for meg sidan eg har fri fra jobb då. Kjøpte meg 2 løkplanter, påskeliljer og den som eg viser bilde av idag.
Ha ei fin helg!


fredag 15. februar 2008

Fredag igjen....

Ja så var det fredag igjen. Skal sei veka går fort. Fredagen har eg fri fra jobb, så denne dagen koser eg og minste-jenta oss heime aleine. Idag var me tidlegt ute og handla. Tenkte me skulle heim å nyte den fine sola, men når me kom heim igjen kom òg skyene. Så me kosa oss inne istaden. Kjøpte meg 2 primula til å ha i kjøkkenvinduet. Har mangla blomster der etter at julestjernene blei kasta ut.



Blei så frista av den fine framsida av bladet MAISON at eg bare måtte kjøpe det. Skikkelig påske og vårstemning. Håper innholdet inni og er like bra. Har aldri kjøpt dette bladet før. Glerder meg til ein rolig kveld med "Deal or No Deal", box Cola og Maison. God helg!

søndag 10. februar 2008

Morsdags-gave

Årets morsdags-gave fra mine kjære 3 barn var denne vasen med bambusskudd opp i. Den er kjempesøt. Eldste-jenta var med bestefar og bestemor til IKEA og handla nye ting til rommet hennas. Bord, speil, lamper, tepper og diverse pynteting. Var nok på tide med litt nytt der, då ho lenge har klaga over at ho er for gammal til Ole Brum lamper.


På sjølve morsdagen var det strålande fint ver. Det var så varmt og fint på terassen at dagens middag vart spist der ute. Håpar det held seg slik framover no. Dette har me verkeleg fortjent.

lørdag 2. februar 2008

Vinterdag.....

Vart litt forundra idag tidleg når eg kikka ut av vindauga. Masse snø hadde lagt seg inatt. Ein fantastisk flott vinterdag har det vore idag, bare så synn at me må holde oss innandørs på grunn av sjukdom. Veslejenta vakna idag med feber, så no er me alle sjuke. Sidan me ikkje har fått vore ute i snøen idag, viser eg ett bilde fra vinterferien for 2 år sidan. Hadde vore veldig kjekt om snøen no hadde lagt ei stund, men i morgon er det på han igjen med regn og vind.

fredag 1. februar 2008

SOL!!!!!

Etter laaaange tider med regn og vind kom sola på besøk idag. Måtte sjå 2 gonger om eg verkelig såg rett. Akkurtat no her eg set, varmar sola meg på ryggen. Herligt:-)




Men då er det ganske irriterande at me ligg sjuke. Eg og guten, ligg her med feber, håve-verk og hoste. Eldste jenta er nett frisk. Dette vil jo ingen ende ta. Er ganske lei no. Ganske slitande å vere sjuk sjølv, og springe ettter ei jente på 1 år som skal utforske det meste. Krype opp trappa er det kjekkaste ho gjer. Puhhh.....