lørdag 29. desember 2007

Strikkenisser og GODT NYTT ÅR!!!!

Så er jula snart slutt for denne gang, og nisser og engler skal nok ein gong pakkast ner. Tidlegare år har eg synes at det er ganske trist og "hive" ut jula. Men i år ser eg faktisk fram til det. Ser fram til lysere tider med varme og sol. Før eg pakkar ner, vil eg vise dette nisse-paret med strikka-kler som eg har fått av mi mormor til jul. Nisse-mannen fekk eg i fjor, og nisse-kåna i år. Eg synes dei er kjempe-koselige.



No skal dei siste fri-dagane nytast fullt ut. Ungane er endelig friske, så då kan me kansje få oss litt frisk luft. Så vil eg ønska alle eit riktig GODT NYTT ÅR og takka for da gamla.

tirsdag 25. desember 2007

1. juledag.....

Ja så var det 1. juledag og juleafta var over for i år. Førjuls-tida er jo koselig, men jammen travel og hektisk og. Idag har me ingen planer. Ingenting som burde bakes, lages eller pakker som skal kjøpes. HERLIGT.

Kjøkkenet er pynta med stort sett rød julepynt. Gardinene er kjøpt hos KID på halv pris salg. Den røde lykta kjøpte eg for mange år sidan hos Hjem Kjære Hjem.


Kransen laga eg i fjor. Laga denne kransen og ein litt større som heng ute på ytter-døra. Ungane kom heim med kvar sitt hjerta som dei hadde sydd på skulen. Passa jo fint inn.

Jule-bordet er pynta med rød tulipaner.



Litt utpå kvelden kom nissen på besøk. (Han hadde visst vore å handla seg ny sko på økonomisko).

Ønsker alle som er innom ei fortsatt GOD JUL OG EIT GODT NYTTÅR!

onsdag 19. desember 2007

Julatre....

Ja då var årets jula-tre innkjøpt, og står trygt og godt i garasjen. I år valgte me edel-gran sidan me har ei lita tulle-mor som spiser alt ho finn på golvet. Me pleier å ha vanlig gran, synest det lukter så godt. Men det er kansje ikkje så stas hvis bleiene til tulle-mor også lukter gran.

Har pynta søylegrana ved inngangspariet med lys. Kjempekoseligt med litt lys utanfor døra.

søndag 16. desember 2007

3. søndag i advent.....

Ja, så er me allerede komt til 3. søndag i advent. Og eg kjenne at eg begynna å svetta litt av tanken på at da allerede er jul-afta neste mandag. Eg var veldig flink å starta med julepresanger allerede i oktober. Trudde også iår at eg skulle bli tidligt ferdig, og bare nyte førjuls-tida. Men nei.... Heldigvis er det søndags-åpent idag, så eg kan få tatt meg inn igjen.


onsdag 12. desember 2007

Nissefar...

Ja, då var nissefar komt på plass i vinduskarmen på kjøkkenet. Denne Tilda nissen laga eg i fjor. Kvart år før jul har klubben hatt i tradisjon å lage julepynt, som oftast har det vore noko i Tilda.



torsdag 6. desember 2007

Tilda mann og kone

Har bestemt meg for at i år skal eg pynte til jul tidligt, og ikkje på litle-julafta som eg pleier. Jula går jo så fort, og eg er aldri klar for å pakke vekk jule-pynten igjen. Den er jo nettopp komen fram tenker eg kvart år. Førjulstida er jo like koselig som sjølve jula synest eg. Idag har eg henta fram eit Tilda "kone og mann" par som eg sydde for 3 år sidan.





mandag 3. desember 2007

Hjerter til jul...

Ja, så var det mandags-morgen igjen, og nok ei travel veke står forann oss. Har sydd litt hjerter innimellom, skal prøve å sy litt fleire. Synest at hjerter er fint til jul.

Kjøpte dette kvist-hjerte for 25,- og pynta da med ei jule-sløyfe. Blei ganske fint.




Desse stripete hjertene har eg laga av kjøkkenhandkle som er kjøpt hos KID til 20,- stk. Av ett handkle fekk eg 3 store og 3 små hjerter.





fredag 30. november 2007

Julekalender....

Ja, så var julekalenderen hengt opp igjen. Synest nettopp at eg tok han ner. Kalenderen sydde eg sjølv for 2 år sidan. Mønster og oppskrift er ifra "JUL med Tildas venner" boka.

Fekk hengt opp ein del pakkar. Må ut å kjøpe meir tape og bånd imorgon. Gler meg til å sjå utrykka på ungane imorgon tidligt når dei står opp.

fredag 23. november 2007

Fredag..

Endelig var det fredag igjen. Vekene går no rasande fort mot jul. Det er ei kjempefin tid me no går i vente. Travel, men koselig. Håper alle nyter denne siste helga i november. God helg.

søndag 18. november 2007

Søndag

Idag har me sydd "nisse-hua" til Kitty, og den skulle vera rosa med kvite prikkar. Eg sydde og eldste-jenta designa. Kitty virka ikkje så veldig interessert i heila huo, men den fekk no sitta på.

tirsdag 13. november 2007

Tilda-engel....

Då står min første sydde Tilda-engel så fager og fin i vinduskarmen. Ute er det kaldt og fint idag. Kvitt på bakken av rim. Denne engelen var kjekk og grei å sy. Kansje det blir fleire slike.


mandag 12. november 2007

Tilda vinpose..

Når det nærmar seg jul, melder trangen seg med å lage julepynt. Det har blitt ein tradisjon dei siste åra. Idag har eg gjort ferdig ein vinpose som ikkje blei heilt ferdig ifjor. Kansje eg gir vekk denne med ei flaske vin i, eller bare har den på pynt. Mønster er i fra "JUL med Tildas venner".



fredag 2. november 2007

Helg igjen..

Så var det helg igjen. Denne veka har vore rimelig hektisk med bursdags-feiring 3 dager. Så det har vore lite tid til blogging. Go'guten vår har fyllt 8 år. Og oppå det heile så blei vesle-mor sjuk. Ikkje lett å bake og stelle til selskap med ei lita jente på armen. Men alt går. Vesle-mor er fortsatt sjuk så eg kjøpte med meg 2 nye interiør-blad igår. Får forhåpentligvis tid til å lese dei i helga.


GOD HELG!

onsdag 17. oktober 2007

Ny strikka-genser..

Idag fekk eg endelig ferdig strikka-genseren til minste jenta vår. Har nistrikka for å få han ferdig no når det begynner å bli kaldare i veret. No gjenstår bare buksa og hua som høyrer til. Ho var iallefall veldig stolt når ho fekk på seg ny genser.


onsdag 10. oktober 2007

Kjøkken-nytt..

Idag har eg "pusla" litt på kjøkkenet. Rydda litt i kjøkkenskap og vaska skapdører. Har flytta litt att og fram på ting. Blir alltid så lei av ting så står på samme plassen.


Glaskrukkene med lokk har eg kjøpt på Kremmerhuset. Kun 39,- pr. stk. Tenkte å ha noko oppi dei, men inntil vidare står dei der tomme.


Har kjøpt meg ein ny hengeblom til å ha på hylla her. Synest denne blomen er ganske dekorativ og fin. Er det nokon som veit kva den heiter, og isåfall korleis den skal stellast? Blir kjempeglad for tips. Har ein tendens til å ta livet så altfor fort av blomster.



onsdag 3. oktober 2007

Strikka-jakke + hue

I ett tidlegare innlegg viste eg denne strikka-kjolen som tante har strikka til vesle-jenta vår.


Eg har hatt tråd liggande lenge til jakken og hua som høyrer til. No har mormor mi strikka dette for meg. Og heldigvis for da, for dette var visst eit skikkelig putle-strikk. Men kjempefint blei da iallefall. Tusen Takk!





mandag 1. oktober 2007

Farmor's dukker...

Disse dukkene og dukkesenga laga farmor mi til far min når han var liten. Dukkesenga er laga av ein appelsin-kasse. Ganske sjarmerande synest eg. Dukkene har ho sydd bunad på. Veit ikkje heilt om eg skal hive det eller ta vare på det. Får vel samle på det enda ei stund.




tirsdag 18. september 2007

Kosebamsar

Idag har eg rydda rommet til guten vår. Da trengtes kan ein sei. Midt blandt bilar og diverse andre gutteleker fant eg dei 2 kosebamsane hans, som han fekk når han var 7 månader gammal. Han har hatt dei i senga heilt til no (8 år). Men no ser det visst ut som om han klarer å sove uten dei. Eg måtte kjøpe 2 nett like bamsar, fordi han måtte ha ein med seg i barnehagen og.

mandag 17. september 2007

Lyng..

Ja då var nok ei helg forbi. Sjølv om da har blåst og regna vannrett, har eg vore ute og tømt krukkene for sommarblomar. Har kjøpt ein del lyng i potter som etter planen skal ut i diverse vegg-krukker. Håpa veret held seg fint idag, slik at dette kan bli gjort.




mandag 10. september 2007

Egg, eple eller løk.....

Kjøpte for ei stund sida ei tråd-korg hos Annas-rom. Har ikkje heilt funne ut ka' eg vil ha oppi ho. Egg, eple eller løk? Egentlig er det vel ei egge-korg som ein skal ha med seg i hønsehuset til å samle egg i. Men sidan eg ikkje har høner, kan eg ha egg i ho inne på kjøkkenet. Trur eg.....







lørdag 8. september 2007

Lørdags-kos...

Idag har da vore nok ein dag med regn og vind. Ikkje noko anna å gjera då enn å kosa seg inne. Har rydda og vaska litt på kjøkkenet. Tente litt lys for å prøva å gjera da ekstra koseligt.
Denne lykta fekk mannen til bursdagen sin i juni. Har endå ikkje vore i bruk ute denne sommaren, grunna KALDE KVELDAR. Så no har eg tatt ho i bruk inne på kjøkkenet. Synest at ho passa godt ilag med lyngen på kjøkkenbordet.



Så har eldste-jenta baka til oss igjen. Idag var det sjokolade-kake på menyen. Ho øver seg nemlig til skule-kjøkkenet. Kaka var kjempegod.

lørdag 1. september 2007

Litt nytt....

Tidlegare i sommar kjøpte eg desse 2 lyktene. Lyktene er fra House Doctor. Kjøpte dei på Olivia i Mandal, ein utruleg flott butikk. Fant så mykje fint der, men pga begrensa plass i bilen på vei heim kunne eg ikkje handle meir.



Har og tidlegare kjøpt desse 2 hjerte-rammene. Dei kjøpte eg på ein lokal interiør- butikk. Trur eg må kjøpe ei ramme til, slik at eg har ei ramme til kvart barn.



fredag 31. august 2007

Helg igjen.....

Ja so va da endelig helg igjen. Eg vil derfor ønska alle dåke andre bloggarar ei kjempe-go helg. Akkurat no skine sola ute, så detta ser jo lovande ut.

mandag 27. august 2007

HUSFRED

Husfred'en er ein av mine favoritt blomar. Har alltid likt han veldig godt. Veit ikkje heilt kvifor, kansje på grunn av det fine navnet. Har ikkje tal på kor mange husfred'ar eg har kjøpt opp gjennom tidene. Dei dør bare så altfor fort, men denna skal få leva lenge.