søndag 20. april 2008

Lam.....

Idag når me satt og spise frukost kom ein tante-unge springande i nattdrakten bort til oss for å fortelje at: 3 lam har komt ut av "Dotten". Sauene deira heiter nemleg Ulla og Dotten. Endeleg har lamma komt. No har me gått i fleire dagar og venta på at noko skulle skje. På bildet er dei bare nokre timar gamle. Kjempe-skjønne. Det eine lammet var ein del mindre enn dei 2 andre, så me lurte ei stund på om det blei ett ale-lam. Men det ser ut som om det klarer seg bra ilag med dei andre alikevel. Ulla skal også ha lam, så no blir det spennande og sjå kortid og kor mange lam ho får.


2 kommentarer:

BO sa...

Så fine dei er! Skjønne uskyldige små! Glad eg ikkje likar fårikål...

Karianne sa...

Finnes knapt noe skjønnere enn lamunger!